Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Diverse

Grå, glidande rovfugl

Hei!

Forleden kveld, like etter skumringa, var eg ute å lufta hunden min. Ut av ingenting kom ein relativt stor, mørkegrå fugl stupendet ned mot hunden min. Hunden er ein 8 kg jack russel. Han ser nok mindre ut enn kva han er, så det er ikkje umulig at fuglen trudde han skulle klare å ta hunden.

Sjølv reagerte eg instinktivt og slo ut med begge armene mine og flaksa retning hunden sjølv, fuglen avbrøyt angrepet berre 4-5 meter unna, og for opp over hustaket igjen. Fleire gongar dei neste minuttane såg eg den same fuglen gli like over oss, sannsynligvis for å sondere mulighetene sine.

Eg fant fram ei lommelykt samtidig som eg slapp hunden inn i huset igjen. Siste gongen eg såg fuglen, rakk eg å lyse med lommelykta på den. Eg kjente ikkje att arten, men kunne tydelig sjå at det ikkje var ei typisk ørn.

Det som var spesielt, var at sjølv om det var heilt vindstille og ikkje ein einaste lyd ute, kunne eg ikkje høyre eit snev av lyd fra fuglen. Den var HEILT lydlaus, sjølv om han fauk kun eit par få meter like over hovudet mitt.

Me oppholde oss på vestlandet, like i nærheten av Sognefjorden.
Kva slags fugl kan dette ha vore?

B.E. (21.09.2021)

Dette KAN ha vært ei ugle, som kanskje mer var ute etter å skremme vekk hunden, som den kan ha sett på som en trussel. Det er lite trolig at den så på hunden som noe den kunne fange og spise. Det er stort sett bare kongeørn som i sjeldne tilfeller kan prøve å ta katter og små hunder. Både hornugle, jordugle og kanskje kattugle kan vise slik adferd som du beskriver her.

Roar Solheim (21.09.2021)

Alle spørsmål og svar Still et nytt spørsmål