Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Sjeldne fugler og identifikasjon

Spørsmål:

Hei,
Eg var ute og gjekk ein fjelltur på Hamlagrø/Bergsdalen i Hordaland. Fjellområdet ligg omlag 700moh, og stien eg gjekk på låg i nærheten av eit vatn og ei steinrøys. Når eg var kome eit godt stykke på veg høyrde eg ein fugl som gav tydeleg lyd frå seg, og som satte seg om lag midt i eit tre kanskje 70m frå stien eg gjekk på. Eg stoppa opp og såg litt på fuglen, og ikkje lenge etter kom det ein fugl til av same typen som flaug over meg. Den hadde svarte og kvite striper under vingene og veksla mellom å slå med vingene og å glide. To gongar stupte den ned mot hovudet mitt, og eg kunne kjenne luftdraget, så den må ha vore veldig nærme, mens den laga mykje lydar. Fuglen var ikkje av dei største eg har sett, den var t.d ein del mindre enn ei havørn, men den var ikkje liten Har de innspel til kva fugl dette kan ha vore? Og er det vanleg at fuglar (forutanom måker) stuper ned mot hovudet til folk? Treff dei då som regel hovudet, eller heldt dei seg like over?

S.E. (19.07.2018)

Mistenker at du kan ha truffet på et fjellvåkpar.

Roar Solheim (19.07.2018)

Alle spørsmål og svar Still et nytt spørsmål