miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Blæretang (Fucus vesiculosus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus vesiculosus (Blæretang)

Kjennetegn: Er ein av fire tangartar som har blærer, typisk parvis. Bladet har ei tydeleg midtribbe. Blæretangen er svært variabel i forma og på stader med mykje bølgeslag kan han mangle blærer. Formeringsorgana som vert utvikla om våren og sommaren i enden av nokre av greinene er ovale og oppsvulma i moden tilstand men må ikkje forvekslast med blærer.

Leveområde: Likar ikkje for kraftige bølgjer, så du vil ikkje finne han på utsette stader. Ei lita vernande vik kan vere nok til at du likevel finn han på slikestader.

Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Brunsli, Perlesli (Ectocarpaceae Samlegruppe)
 Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Ectocarpales
Familie: Ectocarpaceae (Sli)
Samlegruppe: Ectocarpaceae Samlegruppe (Brunsli, Perlesli)

Brunsli (Ectocarpus siliculosus) og Perlesli (Pilayella littoralis) er vanskeleg å skilje med det blotte auge. Mikroskop eller lupe er nødvendig reiskap for riktig å kunne skilje dei ut.

Grønnalger (Chlorophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)

Grønnalgene er den største og mest varierte gruppen av planktonalger som en finner i ferskvann. 90% av alle grønnalger finnes i ferskvann og bare 10% i sjøvann. I sjøvann er de fleste grønnalger bentiske (fastsittende). I ferskvann er de fleste grønnalgene planktoniske, men det finnes også bentiske grønnalger som danner trådformet belegg på stein og kvister.

Det er beskrevet flere tusen arter av grønnalger, men systematikken er usikker og det må antas at flere av artene bare er ulike former av samme art.

Havsalat (Ulva lactuca)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Ulvales
Familie: Ulvaceae
Slekt: Ulva
Art: Ulva lactuca (Havsalat)

Havsalat er flat i forma, og med unntak av i vitskaplege samanhengar er det akseptabelt å kalle alle grøne bladforma algar i Noreg for havsalat.

Krusflik (Chondrus crispus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Gigartinales
Familie: Gigartinaceae
Slekt: Chondrus
Art: Chondrus crispus (Krusflik)

Kjennetegn: Algen er flat og litt bruskliknande å ta i, 5 – 20 cm høg. Han kan likne på vorteflik når denne manglar “vortene”. Då kan du sjå på den nedre delen av planta om han er flat (krusflik) eller bogar litt (vorteflik). Arten er mørkeraud og veks ned til 15 m dyp langs heile kysten.

Martaum (Chorda filum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Chordaceae
Slekt: Chorda
Art: Chorda filum (Martaum)

Martaum kan bli fleire meter lang og er ein velkjend sommeralge i beskytta område langs heile kysten, med mange dialektnavn. Han består av 2 – 5 mm tjukke trådar, som er nokså sterke. Somme stader kan det vere så tett med martaum at han kan setje seg fast i propellen på småbåtar og bli eit mareritt for båtføraren. Den er vanlegast på beskytta stader.

Rekeklo-artar (Ceramium sp.)
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Ceramiaceae
Slekt: Ceramium (Rekekloslekta)
Art (sp.): Ceramium sp. (Rekeklo-artar)

Greinene til denne slekta endar i ei kloliknande form. Algen kan bli opptil 20 cm lang, men i mange tilfelle er individa så små at du så vidt kan sjå klørne med berre auget. Rekeklo kan vekse på steinar og fjell, og på andre algar.

Rødalger (Rhodophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
 
Sagtang (Fucus serratus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus serratus (Sagtang)

Kjennetegn: Sagtang (30 – 60 cm) manglar blærer og er lett å kjenne igjen ettersom han har ein sagtagga ytterkant. Han finst sjeldan i fjøra, men du kan ofte sjå han like nedanfor. På meir bølgjeutsette stader er sagtangen smalare og har ikkje så markante tenner som på verna stader.

Skolmetang (Halidrys siliquosa)
Bilde: Per Arvid Åsen (1980)
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Cystoseiraceae
Slekt: Halidrys
Art: Halidrys siliquosa (Skolmetang)

Dette er den tredje arten med blærer, men han skil seg frå dei andre ved at blærene er avlange og alltid plasserte i enden av ei grein. Skolmetang (20 – 30 cm) kan finnast frå like nedanfor fjøra og vidare nedover i sjøen.

Tarmgrønske (Ulva intestinalis)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Ulvales
Familie: Ulvaceae
Slekt: Ulva
Art: Ulva intestinalis (Tarmgrønske)

Tarmgrønske er svært vanleg i fjørepyttar og er elles vanleg i fjøra frå verna til middels utsette stader. Når du finn ein grøn alge som er litt bladforma, kan du sjekke om han er hol. Er han det, kan du gå ut frå at det er tarmgrønske. Han liknar ofte på figuren. Dersom algen ikkje er hol, sjå på havsalat.

Ålegras (Zostera marina)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Uekte gruppe: Tracheophytes (Karplanter)
Overrekke: Spermatophyte (Frøplanter)
Rekke: Magnoliophyta (Dekkfrøete blomsterplanter)
Klasse: Liliopsida (Enfrøblader)
Familie: Zosteraceae (Ålegrasfamilien)
Slekt: Zostera (Ålegrasslekta)
Art: Zostera marina (Ålegras)

Ålegras ser ut som vanleg, 1/2 – 1 m høgt gras som veks på sand-muddarbotn og har røter som vanlege planter. Fargen varierer frå gras-grøn til blass gulbrun. På 1930 – 1940 tallet blei ålegras nesten utrydda på grunn av ein soppsjukdom, men i dag veks ålegraset igjen på mange av dei gamle veksestadane.