miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Blæretang (Fucus vesiculosus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus vesiculosus (Blæretang)

Kjennetegn: Er ein av fire tangartar som har blærer, typisk parvis. Bladet har ei tydeleg midtribbe. Blæretangen er svært variabel i forma og på stader med mykje bølgeslag kan han mangle blærer. Formeringsorgana som vert utvikla om våren og sommaren i enden av nokre av greinene er ovale og oppsvulma i moden tilstand men må ikkje forvekslast med blærer.

Leveområde: Likar ikkje for kraftige bølgjer, så du vil ikkje finne han på utsette stader. Ei lita vernande vik kan vere nok til at du likevel finn han på slikestader.

Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Dokke-artar (Polysiphonia sp.)
 Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Rhodomelaceae
Slekt: Polysiphonia (Dokke-slekta)
Art (sp.): Polysiphonia sp. (Dokke-artar)

Det finst fleire artar i dokkeslekta, blant anna rauddokke (P. stricta), tangdokke (P.fibrillosa), svartdokke (P.fucoides), grisetangdokke (P. lanosa), penseldokke (P. brodiaei) og stilkdokke (P. elongata). Algane er 5 – 25 cm store og veks som små raude tustar på fjell, stein og andre algar frå fjøra og ned til 20 m. Dokke-artane liknar på rekeklo, men greinene endar ikkje i ei klo. Navnene peikar på ulike karaktertrekk ved artane, men dei ser svært like ut og artsbestemming er vanskeleg.

Fingertare (Laminaria digitata)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria (Tare)
Art: Laminaria digitata (Fingertare)

Kjennetegn: Fingertaren veks nedst i fjøra og nedover i sjøen på meir utsette stader. Han liknar på stortaren, men stilken har relativt glatt overflate og er svært bøyeleg (du kan slå knute på han).

Fjærekoll (Armeria maritima)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Uekte gruppe: Tracheophytes (Karplanter)
Overrekke: Spermatophyte (Frøplanter)
Rekke: Magnoliophyta (Dekkfrøete blomsterplanter)
Underklasse: Magnoliidae (Tofrøblader)
Familie: Plumbaginaceae (Hinnebegerfamilien)
Slekt: Armeria (Fjærekollslekta)
Art: Armeria maritima (Fjærekoll)

Kjennetegn: Fjærekoll er en av våre mest karakteristiske strandplanter. De rosa blomstene som sitter i hoder, blomstrer i mai-juni, men ofte kan du finne blomster som sitter på planten til ut på høsten. De trådsmale bladene sitter i en rosett.

Voksested: Du finner den som oftest i nærheten av sjøen på strandenger, i sprekker på strandberg og tørr sandmark.

Utbredelse: Den er vanlig på kysten nord til Finnmark.

Grisetang (Ascophyllum nodosum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Ascophyllum
Art: Ascophyllum nodosum (Grisetang)

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Grønnalger (Chlorophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)

Grønnalgene er den største og mest varierte gruppen av planktonalger som en finner i ferskvann. 90% av alle grønnalger finnes i ferskvann og bare 10% i sjøvann. I sjøvann er de fleste grønnalger bentiske (fastsittende). I ferskvann er de fleste grønnalgene planktoniske, men det finnes også bentiske grønnalger som danner trådformet belegg på stein og kvister.

Det er beskrevet flere tusen arter av grønnalger, men systematikken er usikker og det må antas at flere av artene bare er ulike former av samme art.

Havsalat (Ulva lactuca)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Ulvales
Familie: Ulvaceae
Slekt: Ulva
Art: Ulva lactuca (Havsalat)

Havsalat er flat i forma, og med unntak av i vitskaplege samanhengar er det akseptabelt å kalle alle grøne bladforma algar i Noreg for havsalat.

Krasing (Corallina officinalis)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Corallinales (Kalkalger)
Familie: Corallinaceae
Slekt: Corallina
Art: Corallina officinalis (Krasing)

Denne kvite og rosa alge som kraser hvis ein ruller den gjennom fingrene. Består av kalk og er difor hard å ta på. Han kan finnast både på verna strender og på bølgjeutsett fjell, men fasongen er noko forskjellig. På meir verna stader den 2 – 8 cm høg, greiner er opne ledd tønneforma. På bølgjeutsette stader er algen mindre og har mykje kortare og tettare greiner for å tole presset frå bølgjene. Den bølgjeutsette typen er ofte generelt mørkare i fargen (raudfiolett), men gjerne lysare i tuppen av greinene.

Rugl (Corallinaceae Samlegruppe)
 Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Corallinales (Kalkalger)
Familie: Corallinaceae
Samlegruppe: Corallinaceae Samlegruppe (Rugl)

Vorterugl (Lithothamnion glaciale) og Flatrugl (Phymatolithon lenormandii) er vanlege, spesielt som eit rosa belegg på steinar

Rødalger (Rhodophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
 
Sagtang (Fucus serratus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus serratus (Sagtang)

Kjennetegn: Sagtang (30 – 60 cm) manglar blærer og er lett å kjenne igjen ettersom han har ein sagtagga ytterkant. Han finst sjeldan i fjøra, men du kan ofte sjå han like nedanfor. På meir bølgjeutsette stader er sagtangen smalare og har ikkje så markante tenner som på verna stader.

Sauetang (Pelvetia canaliculata)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Pelvetia
Art: Pelvetia canaliculata (Sauetang)

Kjennetegn: Denne algen kan du finne i verna vikar, øvst oppe i fjøra over alle andre tangartar. Han har ikkje blærer, men “puter” i enden av greinene store delar av året, som kan minne om saueklover. Sauetang er mellom dei minste tangartane og er vanlegvis 7 – 12 cm lang.

Arten er ikkje funnen på Sørlandet og innover i Oslofjorden, men finst langs resten av kysten.

Stortare (Laminaria hyperborea)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria (Tare)
Art: Laminaria hyperborea (Stortare)

Kjennetegn: Den største algen i Noreg (martaum kan nok bli lengre, men blir likevel liten i forhold). Han kan danne tette skogar på utsette stader. Han er størst frå Vestlandet og nordover. Stilken er relativt stiv og har ru overflate. Det veks ofte andre algar på stilken. Stortaren veks frå om lag ein meter og nedover. Ved fjøre sjø kan du somme stader sjå toppen på dei øvste individa stikke opp av sjøen. Etter uvêr kan ein finne store avrive individ skylt opp på land.

Svartkluft (Furcellaria lumbricalis)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Gigartinales
Familie: Furcellariaceae
Slekt: Furcellaria
Art: Furcellaria lumbricalis (Svartkluft)

Arten har todelte, bruskaktige greiner, og er vanlegvis 10-20 cm høg. Den er mørk-brunraud til svart i farge, med mindre sollyset har påverka fargen. Den er vanlegvis festa til stein (eller skjell) med rotliknade strukturar. Er svært lik Raudkluft.

Sverdlilje (Iris pseudacorus)
Rike: Plantae (Planteriket)
Uekte gruppe: Tracheophytes (Karplanter)
Overrekke: Spermatophyte (Frøplanter)
Rekke: Magnoliophyta (Dekkfrøete blomsterplanter)
Klasse: Liliopsida (Enfrøblader)
Familie: Iridaceae (Sverdliljefamilien)
Slekt: Iris (Sverdliljeslekta)
Art: Iris pseudacorus (Sverdlilje)

Sverdlilja er i blomstrende tilstand lett kjennelig på de store gule blomstene som sitter enkeltvis eller i kvast. Bladene er sverdformet, 0.5-1m lange og 20-30mm brede, grågrønne med typelig V-form ved basis. Går ut til ca. 0.3m dyp. Planten finnes ved næringsrikt vann nord til Nordland

Tarmgrønske (Ulva intestinalis)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Ulvales
Familie: Ulvaceae
Slekt: Ulva
Art: Ulva intestinalis (Tarmgrønske)

Tarmgrønske er svært vanleg i fjørepyttar og er elles vanleg i fjøra frå verna til middels utsette stader. Når du finn ein grøn alge som er litt bladforma, kan du sjekke om han er hol. Er han det, kan du gå ut frå at det er tarmgrønske. Han liknar ofte på figuren. Dersom algen ikkje er hol, sjå på havsalat.

Vanleg rekeklo (Ceramium virgatum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Ceramiaceae
Slekt: Ceramium (Rekekloslekta)
Art: Ceramium virgatum (Vanleg rekeklo)
 
Vanlig grønndusk (Cladophora rupestris)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Cladophorales
Familie: Cladophoraceae
Slekt: Cladophora (Grønnduskslekta)
Art: Cladophora rupestris (Vanlig grønndusk)

Arten er ein av dei få som kan bestemmast overflatisk, spesielt på den kraftige mørkegrøne fargen. Den gjerne tett buskete, men kan òg finnast utstrekt på fjell, t.d.under Grisetang. Vanleg grøndusk er ein vanleg art som du kan vente å finne.

Vorteflik (Mastocarpus stellatus)
Bilde: Per Arvid Åsen (1980)
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Gigartinales
Familie: Petrocelidaceae
Slekt: Mastocarpus
Art: Mastocarpus stellatus (Vorteflik)

Kjennetegn: Algen (inntil 15 cm høg) har som regel nokre vorteliknande klumpar i dei øvre delane av planta. Den nedre delen av planta bogar litt, som ei takrenne, men med låge kantar.

Leveområde: Skal du finne vorteflik, bør du leite nedst i fjøra ved lågvatn. Fjørepyttar kan òg vere aktuelle veksestader for algen.

Utbredelse: Arten er sjelden aust for Kristiansand.