miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Blæretang (Fucus vesiculosus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus vesiculosus (Blæretang)

Kjennetegn: Er ein av fire tangartar som har blærer, typisk parvis. Bladet har ei tydeleg midtribbe. Blæretangen er svært variabel i forma og på stader med mykje bølgeslag kan han mangle blærer. Formeringsorgana som vert utvikla om våren og sommaren i enden av nokre av greinene er ovale og oppsvulma i moden tilstand men må ikkje forvekslast med blærer.

Leveområde: Likar ikkje for kraftige bølgjer, så du vil ikkje finne han på utsette stader. Ei lita vernande vik kan vere nok til at du likevel finn han på slikestader.

Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Fingertare (Laminaria digitata)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria (Tare)
Art: Laminaria digitata (Fingertare)

Kjennetegn: Fingertaren veks nedst i fjøra og nedover i sjøen på meir utsette stader. Han liknar på stortaren, men stilken har relativt glatt overflate og er svært bøyeleg (du kan slå knute på han).

Grisetang (Ascophyllum nodosum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Ascophyllum
Art: Ascophyllum nodosum (Grisetang)

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Sagtang (Fucus serratus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus serratus (Sagtang)

Kjennetegn: Sagtang (30 – 60 cm) manglar blærer og er lett å kjenne igjen ettersom han har ein sagtagga ytterkant. Han finst sjeldan i fjøra, men du kan ofte sjå han like nedanfor. På meir bølgjeutsette stader er sagtangen smalare og har ikkje så markante tenner som på verna stader.

Sauetang (Pelvetia canaliculata)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Pelvetia
Art: Pelvetia canaliculata (Sauetang)

Kjennetegn: Denne algen kan du finne i verna vikar, øvst oppe i fjøra over alle andre tangartar. Han har ikkje blærer, men “puter” i enden av greinene store delar av året, som kan minne om saueklover. Sauetang er mellom dei minste tangartane og er vanlegvis 7 – 12 cm lang.

Arten er ikkje funnen på Sørlandet og innover i Oslofjorden, men finst langs resten av kysten.

Sukkertare (Saccharina latissima)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Saccharina
Art: Saccharina latissima (Sukkertare)

På meir verna stader vil ein i staden for stortareskog finne sukkertareskog, jamvel om denne skogen vanlegvis ikkje er så tett som stortareskogen kan vere. Medan stortaren må leggje mykje energi i ein sterk stilk for å tole draget i sjøen, slepp sukkertaren lettare unna sidan han lever i rolegare vatn. Han bruker difor mykje av energien til å ha eit stort blad. Ulempa med stilt vatn er at tarebladet kan bli sterkt grodd, slik at det taper evna til å fotosyntetisere.

Kjennetegn: Bladet er mykje lengre enn det er breitt og så stort at det ofte legg seg utover botnen. Randen av bladet er noko bølgete. Det er også midtpartiet oppover langs bladet. Mangler midtribbe som skiller den frå butare.