miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Grisetang (Ascophyllum nodosum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Ascophyllum
Art: Ascophyllum nodosum (Grisetang)

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Grønnalger (Chlorophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)

Grønnalgene er den største og mest varierte gruppen av planktonalger som en finner i ferskvann. 90% av alle grønnalger finnes i ferskvann og bare 10% i sjøvann. I sjøvann er de fleste grønnalger bentiske (fastsittende). I ferskvann er de fleste grønnalgene planktoniske, men det finnes også bentiske grønnalger som danner trådformet belegg på stein og kvister.

Det er beskrevet flere tusen arter av grønnalger, men systematikken er usikker og det må antas at flere av artene bare er ulike former av samme art.

Grønndott-artar (Spongomorpha sp.)
 Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)
Klasse: Chlorophyceae (Grønnalger)
Orden: Acrosiphoniales
Familie: Acrosiphonaceae
Slekt: Spongomorpha (Grønndott-slekta)
Art (sp.): Spongomorpha sp. (Grønndott-artar)

Liten og stor grøndott er dei vanlegaste i Noreg

Kjøttblad (Dilsea carnosa)
 Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Gigartinales
Familie: Dumontiaceae
Slekt: Dilsea
Art: Dilsea carnosa (Kjøttblad)
 
Rekeklo-artar (Ceramium sp.)
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Ceramiaceae
Slekt: Ceramium (Rekekloslekta)
Art (sp.): Ceramium sp. (Rekeklo-artar)

Greinene til denne slekta endar i ei kloliknande form. Algen kan bli opptil 20 cm lang, men i mange tilfelle er individa så små at du så vidt kan sjå klørne med berre auget. Rekeklo kan vekse på steinar og fjell, og på andre algar.

Rødalger (Rhodophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
 
Ålegras (Zostera marina)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Uekte gruppe: Tracheophytes (Karplanter)
Overrekke: Spermatophyte (Frøplanter)
Rekke: Magnoliophyta (Dekkfrøete blomsterplanter)
Klasse: Liliopsida (Enfrøblader)
Familie: Zosteraceae (Ålegrasfamilien)
Slekt: Zostera (Ålegrasslekta)
Art: Zostera marina (Ålegras)

Ålegras ser ut som vanleg, 1/2 – 1 m høgt gras som veks på sand-muddarbotn og har røter som vanlege planter. Fargen varierer frå gras-grøn til blass gulbrun. På 1930 – 1940 tallet blei ålegras nesten utrydda på grunn av ein soppsjukdom, men i dag veks ålegraset igjen på mange av dei gamle veksestadane.