miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Blæretang (Fucus vesiculosus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus vesiculosus (Blæretang)

Kjennetegn: Er ein av fire tangartar som har blærer, typisk parvis. Bladet har ei tydeleg midtribbe. Blæretangen er svært variabel i forma og på stader med mykje bølgeslag kan han mangle blærer. Formeringsorgana som vert utvikla om våren og sommaren i enden av nokre av greinene er ovale og oppsvulma i moden tilstand men må ikkje forvekslast med blærer.

Leveområde: Likar ikkje for kraftige bølgjer, så du vil ikkje finne han på utsette stader. Ei lita vernande vik kan vere nok til at du likevel finn han på slikestader.

Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Grisetang (Ascophyllum nodosum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Ascophyllum
Art: Ascophyllum nodosum (Grisetang)

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Grønnalger (Chlorophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Chlorophyta (Grønnalger)

Grønnalgene er den største og mest varierte gruppen av planktonalger som en finner i ferskvann. 90% av alle grønnalger finnes i ferskvann og bare 10% i sjøvann. I sjøvann er de fleste grønnalger bentiske (fastsittende). I ferskvann er de fleste grønnalgene planktoniske, men det finnes også bentiske grønnalger som danner trådformet belegg på stein og kvister.

Det er beskrevet flere tusen arter av grønnalger, men systematikken er usikker og det må antas at flere av artene bare er ulike former av samme art.

Martaum (Chorda filum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Chordaceae
Slekt: Chorda
Art: Chorda filum (Martaum)

Martaum kan bli fleire meter lang og er ein velkjend sommeralge i beskytta område langs heile kysten, med mange dialektnavn. Han består av 2 – 5 mm tjukke trådar, som er nokså sterke. Somme stader kan det vere så tett med martaum at han kan setje seg fast i propellen på småbåtar og bli eit mareritt for båtføraren. Den er vanlegast på beskytta stader.

Smalving (Membranoptera alata)
Bilde: Per Arvid Åsen (1980)
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Delesseriaceae
Slekt: Membranoptera
Art: Membranoptera alata (Smalving)

Kjennetegn: Blir inntil 20 cm høg. Består av smale, forgreina blad, med ei langsgåande nerve. Ofte lettast gjenkjenneleg på den ytterste forgreininga som kan sjå ut som ein neve der tommelen utgjer den eine forgreininga og dei fire andre samla utgjer den andre forgreininga der alle fingertuppane peikar mot kvarandre. Ellers ser dei ofte ut som ein mellomting av «J» og «U».

Leveområde: Ikkje så vanleg i fjøra som som den er nedover i sjøen. Det er størst von å finna den i fjellsprekkar på utsatte stader.

Stortare (Laminaria hyperborea)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria (Tare)
Art: Laminaria hyperborea (Stortare)

Kjennetegn: Den største algen i Noreg (martaum kan nok bli lengre, men blir likevel liten i forhold). Han kan danne tette skogar på utsette stader. Han er størst frå Vestlandet og nordover. Stilken er relativt stiv og har ru overflate. Det veks ofte andre algar på stilken. Stortaren veks frå om lag ein meter og nedover. Ved fjøre sjø kan du somme stader sjå toppen på dei øvste individa stikke opp av sjøen. Etter uvêr kan ein finne store avrive individ skylt opp på land.

Vanlig kjerringhår (Desmarestia aculeata)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Desmarestiales
Familie: Desmarestiaceae
Slekt: Desmarestia (Kjerringhår-slekta)
Art: Desmarestia aculeata (Vanlig kjerringhår)

Vanleg kjerringhår har relativt harde greiner med tornaktige endeskot. Den kan verta 2 meter lang,men er ikkje sterk nok til å halda seg oppreist, så ein finn den gjerne som ei høysåte på botnen. Den finst ikkje i fjøra, anna enn lausrevne individ, men finst frå 1 m og nedover.

Ålegras (Zostera marina)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Plantae (Planteriket)
Uekte gruppe: Tracheophytes (Karplanter)
Overrekke: Spermatophyte (Frøplanter)
Rekke: Magnoliophyta (Dekkfrøete blomsterplanter)
Klasse: Liliopsida (Enfrøblader)
Familie: Zosteraceae (Ålegrasfamilien)
Slekt: Zostera (Ålegrasslekta)
Art: Zostera marina (Ålegras)

Ålegras ser ut som vanleg, 1/2 – 1 m høgt gras som veks på sand-muddarbotn og har røter som vanlege planter. Fargen varierer frå gras-grøn til blass gulbrun. På 1930 – 1940 tallet blei ålegras nesten utrydda på grunn av ein soppsjukdom, men i dag veks ålegraset igjen på mange av dei gamle veksestadane.