miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Artstre > Artsinformasjon

Artsinformasjon

 SystematikkKommentar
Blæretang (Fucus vesiculosus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus vesiculosus (Blæretang)

Kjennetegn: Er ein av fire tangartar som har blærer, typisk parvis. Bladet har ei tydeleg midtribbe. Blæretangen er svært variabel i forma og på stader med mykje bølgeslag kan han mangle blærer. Formeringsorgana som vert utvikla om våren og sommaren i enden av nokre av greinene er ovale og oppsvulma i moden tilstand men må ikkje forvekslast med blærer.

Leveområde: Likar ikkje for kraftige bølgjer, så du vil ikkje finne han på utsette stader. Ei lita vernande vik kan vere nok til at du likevel finn han på slikestader.

Brunalgar (Phaeophyta)
Bilde: Siri Skoglund
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
 
Grisetang (Ascophyllum nodosum)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Ascophyllum
Art: Ascophyllum nodosum (Grisetang)

Kjennetegn: Grisetangen (0.3 – 2 m) er den andre tangarten med blærer. Han er lett å skilje frå blæretang, med sin lyse, gulbrune til olivengrønne farge og blærer som sit enkeltvis. Dessutan er grisetangen tjukkare, utan midtribbe og meir solid, ja nesten lêrliknande.

Leveområde: Veks ofte saman med blæretang og då som regel like nedanfor blæretangen i fjøra. Heller ikkje denne tangarten er å finne på bølgjeutsette stader.

Utbredelse: Grisetang finnst langs heile kysten.

Aldersbestemming: Det er mogleg å finne ut kor gammal grisetangen er. Dersom han ikkje har noka blære eller berre ei, er han inntil tre år gammal. For kvar ny blære oppover på “hovudstamma” har han vorte eitt år eldre.

Rekeklo-artar (Ceramium sp.)
Rike: Plantae (Planteriket)
Rekke: Rhodophyta (Rødalger)
Klasse: Rhodophyceae (Rødalger)
Underklasse: Florideophycidae
Orden: Ceramiales
Familie: Ceramiaceae
Slekt: Ceramium (Rekekloslekta)
Art (sp.): Ceramium sp. (Rekeklo-artar)

Greinene til denne slekta endar i ei kloliknande form. Algen kan bli opptil 20 cm lang, men i mange tilfelle er individa så små at du så vidt kan sjå klørne med berre auget. Rekeklo kan vekse på steinar og fjell, og på andre algar.

Sagtang (Fucus serratus)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Fucales (Tang)
Familie: Fucaceae
Slekt: Fucus
Art: Fucus serratus (Sagtang)

Kjennetegn: Sagtang (30 – 60 cm) manglar blærer og er lett å kjenne igjen ettersom han har ein sagtagga ytterkant. Han finst sjeldan i fjøra, men du kan ofte sjå han like nedanfor. På meir bølgjeutsette stader er sagtangen smalare og har ikkje så markante tenner som på verna stader.

Stortare (Laminaria hyperborea)
Bilde: Stein Mortensen
Rike: Chromista (Det gule riket)
Rekke: Ochrophyta
Divisjon: Phaeophyta (Brunalgar)
Klasse: Phaeophyceae (Brunalgar)
Orden: Laminariales (Tare)
Familie: Laminariaceae
Slekt: Laminaria (Tare)
Art: Laminaria hyperborea (Stortare)

Kjennetegn: Den største algen i Noreg (martaum kan nok bli lengre, men blir likevel liten i forhold). Han kan danne tette skogar på utsette stader. Han er størst frå Vestlandet og nordover. Stilken er relativt stiv og har ru overflate. Det veks ofte andre algar på stilken. Stortaren veks frå om lag ein meter og nedover. Ved fjøre sjø kan du somme stader sjå toppen på dei øvste individa stikke opp av sjøen. Etter uvêr kan ein finne store avrive individ skylt opp på land.