miljolare.on logo miljolare.no logo  
  om nettverket | kontakt | A til Å | english
Du er her: Forsiden > Vis resultater > Biologisk mangfold > Fugleliv langs kyst og vatn > Vis resultater > Fugleliv langs kyst og vatn

Fugleliv langs kyst og vatn


Deltaker:Stryn vidaregåande skuleDeltakerside
Område:Kjeldevatnet (Stryn, Vestland)Områdeside
Stasjon:Frå fugletårnet (4)
Dato:14.06.2013Andre datoer
Utført av:Odd Rønningen

Observerte fugler

Norsk navnVitenskapelig navn
HettemåkeChroicocephalus ridibundus

Vis informasjon om artene

SpørsmålSvar
Kommentarar om vindstyrke og vindretning, generelle vèrtilhøveEg var i Kjeldeflata igjen i dag med eitt mål for auga: Å sjå korleis talet hettemåker endrar seg gjennom ein hekkesesong og korleis estimatet på reirskåler med og utan egg endrar seg. Seint i mai meinte eg det var 20 par som hadde laga reirskåler etter mine vurderingar. Tidleg i juni var talet redusert til 16. No i dag den 14.juni såg eg berre 13 reir eller grupper med kyllingar, men det kan vera eit par kull som er skjult i sivet utan vaksenfugl i nærleiken. 5 kull kunne eg telle i dag og alle hadde tre friske kyllingar av ulik storleik. Fyrst klekking i austre ende og sist i dei vestlege delane. Det betyr nok at det austlege området har fått auka status dei siste 3-4 åra. Det igjen tek eg som eit teikn på at fugletårnet fungerer til å ikkje uroe fuglane, samstundes som tiltaket med utgraving av vannspeil kan ha fungert godt. Det ligg da an til at det vert produsert ca 40 hettemåke-kyllingar i Kjeldeflata i år. Estimatet mitt i 2012 var 42 (fleire reir hadde da 2 ungar). Ingen teikn til reirplyndring eller predasjon av kyllingar så langt.
Fuglar som ikkje er observerte under feltarbeidet, men som ein veit fins i området  
Fuglar som var i omådet før, men som ikkje er registrerte i det siste