Hopp til hovedinnhold

Spør en ornitolog

Her kan du stille spørsmål om ville fugler og få svar fra en ornitolog. Om du laster opp et bilde av en fugl som du vil ha hjelp til å artsbestemme, så er det viktig å skrive hvor og når bildet ble tatt. Husk også å søke etter gamle svar, da vi ikke nødvendigvis gir nye svar til allerede stilte spørsmål.

Besvarte spørsmål

#Sjeldne fugler og identifikasjon

Kvit hegre

Hei!

Eg var ute på ein køyretur søndag 13.08, då eg langs fjøra fekk auge på ei lita kvit hegre. Vi kom køyrande frå Harøya til Finnøy i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Fuglen stod i fjøra rett etter Finnøybrua, nord for fylkesveg 207. Eg fekk ikkje sett veldig lenge på fuglen, men nok til å legge merke til at den såg mindre ut enn ei gråhegre og at den hadde svart nebb. Eg la også merke til at den såg noko "bustete" ut langs bryst og buk, dette tenkte eg i første omgang var på grunn av vind og regn. Vi snudde for å få sett betre på fuglen, då hadde den flytta seg eit godt stykke lenger vekk, slik at det var vanskelig å få sett detaljane på den. Ved sida av den kvite hegra stod ei gråhegre, og då begge desse letta var det tydleg å sjå at den kvite hegra var betydeleg mindre enn gråhegra, og at den hadde raskare vingeslag.

Etter å ha kome heim har eg fått sett i fugleboka mi og etter mitt skjønn kan dette vere ei silkehegre eller ei egretthegre. Sidan fuglen var betydeleg mindre enn ei gråhegre tenkjer eg i første omgang at det må dreie seg om ei silkehegre. Det bustete bryst- og bukpartiet tenkjer eg no kanskje også kan dreie seg om dei lange tynne frynsete fjera silkehegren har hengjande på bryst- og bukpartiet.

Eg rakk dessverre ikkje å ta bilete av fuglen, men kan det stemme at dette er ei silkehegre?

Mvh. Jan-Magnus Dimmen

J.M.D. (15.08.2017)

Silkehegre er sett i Aust-Agder, og senest 12. august i Rogaland. Dermed KAN det hende at en av disse kan ha fløyet til Møre og Romsdal nylig. Forsøk å se etter den igjen og se om du kan få tatt et bilde av den for å dokumentere observasjonen.

Roar Solheim (15.08.2017)

Alle spørsmål og svar Still et nytt spørsmål